Den store samansverginga
| okt ’07 |
| 23 |
| 19:00 |
I 1776 grunnla Adam Weishaupt ordenen av Bayerske Opplyste – Illuminati. Deira mål var radikale omveltingar av dåtidas samfunn gjennom infiltrering av frimurarlosjer, for gjennom dei å spre sine opplysingsideal. Den lille løyndomsfulle organisasjonen vart erklært ulovleg etter nokre få år, og Illuminati forsvann med dette frå den offisielle historia. Det var allereie då dei menneske som meinte at Illuminati levde vidare i maktas korridorar, og manipulerte det politiske spelet til sin fordel og i tråd med ein skummel plan. Desse teoriane lev i beste velgåande den dag i dag, og i professor Øystein Sørensen si nyaste bok “Den Store Sammensvergelsen” følgjer forfattaren desse teoriane i sine ulike utgåver frå den franske revolusjon til globalisering og den nye verdsordning. Forfattaren gjester førstkomande Absalong og vil underhalde publikum med den sanne og ikkje fullt så sanne historia til dei Bayerske Illuminati.
I seinare tid har Illuminatus-losjen fått ansvaret for 11. september og urolighetane i Midtausten, og det vert framstilt som ledd i deira anti-liberale plan for det totale verdsherredømet som no ligg rett rundt hjørnet. Eit anna viktig steg er sjølvsagt globaliseringa av verdsøkonomien som så vert underlagt den nye verdsordninga. Tidlegare steg har vore å stå bak både kommunismen og nazismen. Teoriane er i dag kanskje mest kjendt på den andre sida av Atlantaren, men dei er populære i Noreg óg, både på den radikale høgre- og venstresida, og dukka seinast opp i søkjelyset med den mykje omtalte boka “Makten bak makten” der dei sjølvsagt speler rolla som den store skurken. Sanninga bak desse ville konspirasjonsteoriane og den verkelege historia til dei Bayerske Opplyste vil altså professor Øystein Sørensen fortelje på førstkomande Absalong, og hans informative verk “Den Store Sammensvergelsen” frå Aschehoug forlag vil sjølvsagt vere tilgjengeleg for kjøp til ein vennleg pris.
Øystein Sørensen er professor i historie ved Universitetet i Oslo, og har tidlegere tiltrukke seg merksemd for “Historien om det som ikke skjedde”, ei kontrafaktisk historiebok som mellom anna skildrar eit alternativt utfall av andre verdskrig. Hans nyaste bok ” Den Store Sammensvergelsen” har óg allereie fått ein del merksemd for sin kritikk av ein utbreidd konspirasjonsteori. Sørensen er ein anarkjendt forskar, kjendt for gode formidlingsevner og Absalong er veldig glad for å ha høve til å feire hans nyaste bok. Vi håper de vil ta del i moroa. I tillegg vil sjølvsagt Absalong sine eigne DJar og deira venner snurre litt platar og i baren serveres det både alkohol og kaffe.
Det heile hender altså den 23. oktober, på Klar Bar i andre etasje av Zachariasbryggen. Dørene opner for publikum klokka 19.00 og vi held fram med moro til utpå kvelden. Det koster 50 kroner å kome inn, og vi ser helst at våre gjester er av myndig alder.
Vel møtt!
Nyttige lenker:
- Troen på den skjulte hånd (Aftenposten)
- Den største sammensvergelsen (Bokomtale på Forskning.no)
- Når alt henger sammen med alt (Morgenbladet)
- Øystein Sørensen på Aschehoug forlag
Settlister
Sabeltann
- Astor Piazolla – Verano Porteño
- Marlene Dietrich – Lola
- Zywiolak – Oko Dybuka
- Vitamin String Quartet – Lawyers, Guns and Money
- Warren Zevon – Lawyers, Guns and Money
- Jackson Browne – Lives in the Balance
- KLF – 3 AM is Eternal (Live at the S.S.I.)
- Oingo Boingo – Capitalism
- Hekate – Die Gedanken Sind Frei
- Blood Axis and In Gowan Ring – The March of Brian Boru
- Tony Wakeford – Down the road slowly
- Strength through Joy – A Cold November Crime
- Ministry – NWO
- KMFDM – New American Century
- Nikolo Kotzev – Nostradamus Overture
Lux Obscura
- Lydia Lunch – Cesspool called History
- Krafft – Magical Circle
- David Byrne – Mea Culpa
- Aurora – Solar
- The Church – Under the Milky Way
- Dark Star – The Slice of Life
- Einstürzende Neubauten – Stella Maris
- Swans – Love will tear us apart
- Antimatter – Black Sun (orig. Dead Can Dance)
- Ataraxia – Prophetia
- Opera Multi Steel – Tout s’oublie vite
- Joy Division – Atrocity Exhibition
- Serge Gainsbourg – Intoxicated Man
- Nico – Saeta (live versjon)
- Voltaire – Brains!
- Rocky Horror Picture Show – There’s a Light
- Dark Star – Frantic Upstream
- Nico – Secret Side
- Of the Wand and the Moon – Honour
- Munch – Addicted
Sabeltann
- Nikolo Kotzev – World War III
- Scott Walker – A Lover Loves
- Birch Book – Five Hundred Keys
- Woven Hand – Ain’t no sunshine
- Sol Invictus – Against the Modern World
- The Blood of Abraham – Paranoia is Awareness
- The Association – Requiem for the Masses
- Ostara – Operation Valkyrie
- Backworld – The Devil’s Plaything
- Ulver – In the Kingdom of the Blind the One-Eyed are King
- Vox Imp – Opfergang
- Joey Deluxe – Itsy Bitsy Spider
- Deutsch Nepal – Poison Free Market