Ein skrekkeleg filmkveld

aug ’07
28
19:00

LovecraftStjernane står rett, og dei eldre gudane vender attende… på Absalong.

Absalong inviterar til ein filmkveld dedikert til H.P. Lovecraft, den moderne skrekkens gudfar. Howard Phillips Lovecraft er ein av det 20. århundrets mest undervurderte forfattarar, og han har over tid gått frå å vere ukjendt i si eiga levetid til eit av populærkulturens store ikon. Han har inspirert forfattarar som Stephen King og Neil Gaiman, samt populære band som Metallica. Hans skapninger dukkar gjerne opp i teikneseriestriper som norske M. I seinare år har hans forfattarskap óg vorte tatt meir seriøst av litteraturkritikarar og filosofar, og mange vil hevde at han endeleg får den respekten han fortener. Verda Lovecraft skildra i sine noveller var ei mørk og menneskefiendtleg verd styrt av krefter vi er ute av stand til å forstå. I hans verd, den såkalla Cthulhu Mythosen, er menneske som maur i forhold til dei mektige kjempane som bebur resten av universet og som tidvis vitjar vår planet, eller tilogmed bur her. Desse kjempane er dei eldre guddomane og assorterte vesen, med namn som er umoglege å uttale med menneskelege tunger, og like umoglege å forestille seg. Å lefle med desse kreftene eller vere vitne til deira umenneskelighet er å invitere til eit mentalt samanbrot, eller tilogmed døden i hendene på krefter ein ikkje forstår. Dette er skrekken i sin reinaste form – det ukjendte og det uforståelege.

Lovecraft gjer seg gjerne best på papiret, med ubeskrivelege vesen som har namn som er umoglege å uttale, samt lange kjeder av gamaldagse adjektiv, allikevel finnes det nok av forsøk på filmatiseringar. Og nokre av desse forsøka er verkeleg gode. Call of Cthulhu er noko så originalt som ein svart-kvitt stumfilm produsert frå 2005, frå entusiastane i the HP Lovecraft Historical Society, og filmen meistrar stemning og forteljing meistarleg, med ein salig blanding humor og klassisk skrekk. Filmen er av mange rekna som den beste av alle Lovecraft-filmatiseringar til dags dato, og er absolutt ei perle som er verdt å få med seg. Vi venter óg å få Chilean Gothic over Atlantaren, ei chilensk tolking av ein av dei meir filmatiserte av Lovecraft sine forteljingar – Pickman’s Model. Ein grusom og mørk soge av beste sort, og denne ferske filmatiseringa har fått mykje skryt blant filmentusiastar på ulike festivalar, mellom anna for å vere ein original, men god attskaping av Lovecraft sin visjon. Ein har med andre ord god grunn til å sette av kvelden.

Introduksjonen til denne filmkvelden vert haldt av den lokale prisvinnande teikneserieforfattaren Kim Holm, kjendt frå Nemi og hans eiget album Dette er et ran. Kim Holm er ein ihuga Lovecraftkjenner, og etter alt å døme ein tener av dei eldre gudane, som gjerne nyttar seg av Lovecraft i sine stripar. For høvet vil han bruke tunga, og ikkje pennen, til å fortelje om Lovecraft sitt livssyn og filosofi, med sterk vekt på hans misantropi. I tillegg vil klubbens eigne DJar snurre litt passande musikk i pausane, og baren har sjølvsagt mykje god drikke å by på. Så ver velkomen til ein filmkveld utanom det vanlege hos Absalong, den 28. august. Det koster 50 kroner å kome inn, og dørene opner klokka 19.00 på Klar Bar i andre etasje på Zachen. Kom tidleg, for vi har eit fullt program til dykk.

Settlister

Her er musikken som blei spilt denne kvelden:

Lux Obscura

  1. Lycia – Down
  2. Cocteau Twins. – Swallow the Halo
  3. Ataraxia – Prophetia
  4. Gaë Bolg – La Marche des Morts
  5. Dark Star – Eject!
  6. Dead Can Dance – Circumradiant Dawn
  7. Lydia Lunch – Lethe
  8. Joy Division – Atrocity Exhibition
  9. HPLHS: Shoggoth on the Roof – Tentacles

Sabeltann

  1. Pascal Marcotte and the Randolph Carters – I’m Dreaming of a Dead City
  2. Luftwaffe – Correcting the Human Model
  3. Adam Sandler – Werewolves of London
  4. Metallica – The Call of Cthulhu
  5. Andre Leman – It’s Beginning to Look a lot Like Fishmen
  6. Prager Handgriff – Message from the Dark Star
  7. XIII – Black Easter
  8. HPLHS: Shoggoth on the Roof – If I Were a Deep One
  9. The Tiger Lillies – Bad
  10. The Darkest Hillside Thickets – The Innsmouth Look
  11. Omnicore – Dying in Berlin
  12. Pankow – Kunst und Wahnsinn
  13. The Dagon Tabernacle Choir – Oh Cthulhu!
  14. Jerry Goldsmith – The Main Title of Damien
  15. The Arkham Carolers – Dance the Cultist
  16. Brigitte Bardot – Contact
  17. HPLHS: Shoggoth on the Roof – Byakhee Byakhee
  18. Ambeon – Sick Ceremony
  19. Hekate & Chorea Minor – The Seventh Sign
  20. Deutsch Nepal – Deflagration of Hell
  21. Runes Order – The Great Seal
  22. Coil – Love’s Secret Domain
  23. Kirlian Camera – Looking for Europe
  24. In the Nursery – The Seventh Seal

Dual session Lux Obscura & Sabeltann

  1. Nico – Frozen Warnings (Lux Obscura)
  2. Qntal – Ad Mortem Festinamus (Sabeltann)
  3. Dead Can Dance – The Ubiqutous Mr. Lovegrove (Lux Obscura)
  4. Rhea’s Obsession – Between Earth and Sky
  5. The Legendary Pink Dots – Blacklist (Lux Obscura)
  6. Allerseelen – Edelweiss (Sabeltann)
  7. Attrition – A Girl Called Harmony (Lux Obscura)
  8. The Dagon Tabernacle Choir – Silent Night, Blasphemous Night (Sabeltann)
  9. Ataraxia – Aiques Mortes (Lux Obscura)
  10. Backworld – Holy Fire (Sabeltann)

.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.