Femten mann på død manns kiste

aug ’09
25
19:00

Pirat— Splitte mine bramsegl!

Vi sparkar i gang haustsemesteret med kruttrøyk, kanonkuler og kjølhaling! Vi snakkar ekte maritim action med alle verdas mest berykta piratar; sjørøvarane som herja Karibien i dei gode gamle dagar. Frå Svartskjegg til Calico Jack, frå Anne Bonny til Mary Read, desse morderiske plyndrarane terroriserte heile flåter og skremte buksa av admiralar og monarkar. I film og litteratur er dei både skurkar og heltar, framstilt som skitne drapsmenn og grasiøse sverdsvingarar i trikot. Deira amoralske og anarkistiske tilnærming til verda har fascinert og trollbunde publikum sidan 1700-talet – frå Captain Johnson til Pirates of the Caribbean.

Sett av ein kveld til å utforske denne verda i lag med piratolog og “all-round entertainer” John Færseth, som vitjar Absalong den 25. august. Som piratolog har han fordjupa seg i skattekister og utallige flasker rom for å avdekke sjørøvarens sanne natur. Kom og høyr sanninga om blondeskjorter og ville skjegg, om kjølhaling og plankegong, om skattekart, skuter og kanonar.

Det er obligatorisk oppmøte for alle piratar då vi denne gong er sponsa av amerikanske Telltale Games, som denne somaren lanserar Tales of Monkey Island, det femte spelet i den legendariske pirateventyrspelet om Guybrush Threepwood. Dette tyder sjølvsagt at det vert konkurranse!

I tillegg vil Absalongs faste DJar by på besynderleg musikk, denne gong med eit særs maritimt tilslag – og vi oppmodar gladeleg til allsang om høvet skulle by seg. Dessutan har baren på Klar Bar nok av rom av ulikt slag, så det er all grunn til å ta med seg lommeboka. Det heile tar til tysdag 25. august, klokka 1900 på Klar Bar i andre etasje på Zachen, og det koster som vanleg 50 spanske dubloner å kome inn.

Kjem du ikkje er du ein fordømt landkrabbe og kan forvente å gå planken.

Vel møtt!

Nyttige lenker:

LucasArts Soundtracks

Tales of Monkey Island

Settlister

Sabeltann

  1. Running Wild – Treasure Island
  2. Boyd Rice – Love Will Change the World
  3. Allan Byer – Song of the Nation
  4. Storm Weather Shanty Choir – Press Gang
  5. 3rd Bass – Sea Vessel Soliloquy
  6. Storm Weather Shanty Choir – The Bonnie Ship the Diamond
  7. In Gowan Ring – Fifteen Men on Dead Man’s Chest
  8. Bain Wolfkind – I only get turned on when I get the money out
  9. Dead Can Dance – Yulunga
  10. Michael Land – Escape from Monkey Island Main Theme
  11. Rome – Rape Blossoms
  12. Andrew King – Polly on the Shore
  13. Anni Hogan – Just Like Drowning Kittens
  14. Michael Land – A Pirate I was meant to be
  15. April Nine – Radioactivity
  16. Under Satan’s Sun – Burning Cross of Christ
  17. Bob Fox and Stu Luckley – The Two Magicians
  18. Händel – Sarabande

Lux Obscura

  1. Love Spirals Downwards – Stir about the stars
  2. Vaiping – 58-58/5-45
  3. Lycia – Ionia
  4. Dead Can Dance – Circumradiant dawn
  5. Fever Ray – Seven
  6. Legendary Pink Dots – Pennies for heaven
  7. Nico – All that is my own
  8. Andreas Brandal – There is no in-between
  9. Project Pitchfork – I live your dream
  10. This Mortal Coil – Waves become wings
  11. Ataraxia – Flora
  12. Ministry – Dreamsong
  13. Fire + Ice – Werewolves of Londontown
  14. Clan of Xymox – Back Door
  15. Vaiping – Battle of Bastille
  16. Krafft (med Batcheeba på vokal) – Flowers
  17. Legendary Pink Dots – Cheraderama
  18. Faith and the Muse – Mesmerism
  19. Lydia Lunch – Lethe
  20. Aurora – Shadowland

.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.