H.P. Lovecraft – Hans liv, verk og disiplar

sept ’08
15
19:00

LovecraftAbsalong vender attende til ein av det 20. århundrets viktigaste litterære skikkelsar og våre inspirasjonskjelder; Howard Phillips Lovecraft (1890-1937). Av eit aukande antal ekspertar vert Lovecraft rekna som det 20. århundrets viktigste skrekkforfattar, og blant dei viktigste litterære framtoningane i det førre århundret. Innflytinga han har hatt på populærkulturen er enorm i forhald til merksemda han fekk både før og etter sin død. Eit bibliotek av skrekkfilmar og musikk er basert på universet han skapte, som vart døpt Cthulhu-mythoset, etter hans mest minneverdige skapning (vi viste filmatiseringa av The Call of Cthulhu hausten 2007). Innanfor litteraturen har han vore ei innflyting på menn som Stephen King, Clive Barker, Neil Gaiman og Jorge Luis Borges for å nemne nokre få, og han var ein lærarskikkelse for menn som Robert E. Howard, skaparen av Conan, og Robert Bloch, forfattaren av Psycho. I filmverda er lista lang over filmskaparar, filmar og seriar som har latt seg inspirere – med og utan hell – av denne mannen. Vi ønskjer nok ein gong å belyse kvifor.

Når vi no vender attende til denne forfattaren er det fordi vår venn Didrik Søderlind har vore på heimtraktane til Lovecraft og har henta med seg både fotografi og visdom frå Arkham, Innsmouth og Kingsport. Han har studert det meste som er skreven om Lovecraft innan litteraturvitskapen, og har sjølv sitt å leggje til om dette. Søderlind er til dagleg ideologisk rådgjevar for Human-Etisk Forbund, som vi lenge har mistenkt er ein fasade for Cthulhu-kulten, og er primus motor bak Oslos versjon av Absalong – Kjettersk Kjeller. Han har tidlegare vitja Absalong med foredrag om Black Metal og dets brune sider, og dette var såpass underhaldande at vi måtte invitere han på ny. Og vi har all grunn til å tru at det vert både underhaldande og opplysande.

Foredraget vil belyse Lovecraft sitt liv, hans forteljinger og dei som lot seg inspirere av han. I dag tar både amatørar og profesjonelle okkultistar ideane hans seriøst, dette på tross av at han sjølv var innbitt materialist utan tru på noko som helst andeleg. For han var det openbart at berre den som ikkje trudde kunne skildre det utrulege og fantastiske med den rette skrekkelege vantru. Hans univers, om enn kor magisk og full av dunkle farar, var alltid amoralsk og rasjonelt – vi menneske er berre ute av forstand til å forstå det universet vi sjølv lever i. Kva er det som gjer at folk framleis insisterer på at hans berømte bok Necronomicon er reell? Kvifor kjøper folk bøker som vert utgjeven som omsetjingar av denne? Korleis kan det ha seg at nokre satanistar dyrkar Cthulhu i sine seremoniar? Og korleis uttalar ein eigentleg Cthulhu?

Det er ikkje nødvendig å vere kjent med Lovecrafts noveller for å nyte godt av foredraget, for hans arv er til stades i store deler av populærkulturen i dag. For dei som ønskjer å sette seg inn i hans verk er dei fleste gratis tilgjengeleg på nett.

I tillegg har vi høyrd rykter om at den lokale Lovecrafteksperten og kunstnaren Kim Holm er i farta med ein ny teikneserie om forfattaren og kanskje vil stikke innom med ein smakebit på vårt komande arrangement. Kim Holm er ikkje framand for faste gjestar, då han i fjor introduserte Call of Cthulhu, og har forsynt oss med mange minnerike illustrasjonar til plakatane våre. I tillegg vil det sjølvsagt vere god musikk (komponert med og utan slimete tentaklar og under innflyting av dei Eldre Gudar) i regi av vår alles kjære Lux Obscura og andre av våre faste Djar.

Det heile finn stad måndag den 15. september på Klar Bar i andre etasje på Zachen, og dørene opner for våre gjestar klokka 1900. Det kostar ringe 50 kroner å kome inn, og vi forlangar ikkje meir enn at de er av myndig alder for å sleppe dykk inn. Kultistar er særs velkomne.

Vel møtt til nye og gamle gjestar på haustens første Absalong.

Settlister

Lux Obscura

  1. Derniere Volonté – Toujours
  2. Black Tape for a Blue Girl – Fitful
  3. Dead Can Dance – Flowers of the Sea
  4. Black Tape for a Blue Girl – Wings, tattered, fallen
  5. Galaxy Chamber – Ascension
  6. The Legendary Pink Dots – Pennies for Heaven
  7. Lycia – Fate
  8. Joy Division – Decades
  9. Batcheeba – Dark Rabbit
  10. Future Sound of London – Everyone in the world is doing something without me
  11. Lydia Lunch – Cesspool of History
  12. Ataraxia – Prophetia
  13. Gaë Bolg – La messe des morts
  14. Aurora – Firenze
  15. Dead Can Dance – Circumradiant Dawn
  16. Nico – Facing the wind
  17. Lycia – Dawn
  18. The Cure – Plainsong

Sabeltann

  1. Shoggoth on the Roof – If I were a Deep One
  2. Scott Walker – The Girls of the Streets
  3. The Dagon Tabernacle Choir – Oh Cthulhu
  4. Mick Harvey – Lemon Incest
  5. J.D. Titan – It’s the Most Terrible Time of the Year
  6. John Zorn – Contact
  7. Scott Walker – Amsterdam
  8. Dagmar Krause – Song of a German Mother
  9. Pantheon Legio Musica – Pompeii
  10. Spiritual Front – Bastard Angel
  11. Laibach – Contrapunctus 2
  12. Derniere Volonte – Si…
  13. Götz Alsmann – Singapor
  14. The Dagon Tabernacle Choir – Silent Night, Blasphemous Night
  15. Bad Sector – Old Europa on Air
  16. Coph Nia – Fire
  17. Tony Wakeford – Not All of Me Will Die
  18. Defiles des âmes – Welcome
  19. Zunroyz – The Seventh
  20. Luftwaffe – Sollipsistica Nihilisti
  21. Sieben – Learn some sense, Howden
  22. The Tiger Lillies – Open Your Legs
  23. Metallica – The Call of Ktulu
  24. Allerseelen – Edelweiss
  25. Apocalyptica – Dovregubbens Hall

.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.