Helvetes Historie

apr ’08
22
19:00

Helvetes historieArkeolog Terje Østigård har grave litt for djupt, og vitjar Absalong for å fortelje oss kva han har funne. Det er helvete som står på programmet, frå dei tidlegaste tekstene til dagens religiøse disputtar. Absalong held fram med si eiga utgraving av kulturens mørkeside og vender for første gong blikket mot det hinsidige, og spør: Kva venter eigentleg syndaren i dødsriket? Svara er visst mangfoldige og fargerike, så det skulle berre mangle at vi skal kose oss denne kvelden.

Helvete er gjerne ei samlebenemning på dei meir utrivlege dødsrika i ulike filosofiar og religionar ein kan hamne i om ein ikkje er heilt dydig eller ein smule uheldig. Deira form og formål varierar sjølvsagt frå religion til religion, og over tid vil eit helvete gjerne endre seg i takt med moter og politisk klima. Slik er det mellom anna med det kristne helvetet, som til stadig er oppe til revisjon av kyrkjelege instansar. Helvete er oftast skildra som eit eit fantasifullt torturkammer omgitt av eit flammehav der syndarar får si straff for brotet mot Guds bodord. Dette helvetet har vore til inspirasjon for teologar og kunstnarar som ønskte å forklare allmuen viktigheta i å følgje kyrkjas regler, for å unngå fortapinga som venta i dødsriket. Den nøyaktige formen dette torturkammeret har tatt har sjølvsagt variert med det politiske og filosofiske klimaet. Mest kjend er kanskje Dantes Inferno, ei reiseskildring frå dette nederste dødsriket der hans politiske fiendar og andre utrivelege typer får si rettmessige og skreddersydde straff i det byråkratisk inndelte helvetet. Og sjølv om det mellomalderske biletet av dødsriket lever i beste velgåande idag, er det vanskeleg for kyrkje å forsvare det som offisiell teologi. Vatikanet hevder at fortapinga er fråveret av Gud i menneskets liv, og at dette er ei pinsle i seg sjølv, den norske kyrkje har på den andre side vore veldig stille angåande temaet dei siste åra. No har debatten starta på ny.

Ein av dei aktive debattantane i denne runda er arkeologen Terje Østigård, som har grave ut store deler av dødsriket i si bok “An Archaeology of Hell: Fire, Water and Sin in Christianity”, og som har publisert ei lita hyllemeter om døden og dødsriket. Østigård er idag ansatt ved UNIFOB-Global ved Universitetet i Bergen, der han til dagleg syslar med problemstillinger rundt Nilen og Egyptisk sivilisasjon. Han er godt kjendt for sitt arbeid med dødsriker. Vi er veldig glade for at han vitjar oss ved dette høvet, og vi ser fram til ein fabelaktig kveld.

I tillegg til eit underhaldande foredrag vil Absalong sine DJar by på bisarr musikk, både frå og om helvete, og baren inneheld mykje godt å drikke som alltid. Det heile finn stad tysdag 22. april, klokka 1900 på Klar Bar i andre etasje på Zachen. Du bør helst vere av myndig aldar, og det koster deg skarve 50 kroner å kome inn. Om du tar snarvegen over elva Styx, minner vi om at fergjeførar Charon gjerne har eigne prisar.

Ta med deg venner og kjære, levende og avøde, rettferdige og syndarar. Vel møtt!

Settlister

Sabeltann

  1. Deutsch Nepal – Deflagration of Hell
  2. Jim Goad – A Tombstone Every Mile
  3. The Story – Wicker Man
  4. The Squirrel Nutzippers – Afterlife
  5. The Midnite Choir – Happy Hour in Hell
  6. Rome – Der Brandstifter
  7. Simon Scardanelli – The Ballad of Genevieve
  8. Hekate – The Burning Terror
  9. Stereo Total – Heaven’s In the Backseat of My Cadillac
  10. Marching Runes – Eleven Rune
  11. Tony Wakeford – A Rose in Hell
  12. Coph Nia – Hymn to Pan
  13. KMFDM – Go To Hell (Fuck MTV Mix)
  14. Der Blutharsch – In the Hands of the Master
  15. Death in June – Jesus, Junk and the Jurisdiction
  16. Sieben – Rite of the Right
  17. Knorkator – Highway to Hell

Lilo

  1. Apoptygma Berzerk – Arp
  2. Rolemodel – Showroom dummies
  3. Seabound – Poisonous friend
  4. Edge of Dawn – Loosing grownd
  5. Seigmen – Slaver av solen
  6. Nine Inch Nails – Closer
  7. Zombienation – Kernkraft 400
  8. Ladytron – Destroy everything you touch
  9. Neurotic Fish – The bomb
  10. Kompressor – Brush your teeth
  11. Corvus Corax – Tanzwut
  12. Ivory Frequency – Dancing troops
  13. Ashbury Heights – World Coming Down
  14. Alice in Videoland – Bad boy
  15. Sara Noxx – Colder and colder
  16. Depeche Mode – Enjoy the silence
  17. Joy Division – Love will tear us apart
  18. The Cure – Lovecats
  19. Edge of Dawn – Black heart
  20. Pride and Fall – In my time of dying
  21. Wumpscut – Churist churist
  22. Covenant – We stand alone
  23. Dolce Luquido – Under the silence
  24. Hocico – Drowing
  25. Unter null – Destroy me
  26. Rotersand – Exterminate Annihilate Destroy
  27. Fgfc820 – Pray
  28. Zeromancer – Duppelgänger I love you
  29. Panzer AG – Machinegun GoGo
  30. Dioxyde – Geist
  31. Bermuda Triangle – It feels good

.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.