I dyrets teikn – Anti-Krist: Falsk profet og forførar

nov ’08
4
19:00

I dyrets teiknAlle i vår generasjon veit at dette er dei siste tider, det alt har leia fram til – bak eit kvart hjørne lusker profeti om dommedag og verdas undergang. Ein hovudperson i dei fleste populære dommedagsforteljingar er Anti-Krist, den falske profeten som skal forføre massane vekk frå det sanne lys. Kven er denne profeten? Kva er han? Og kva vil han? Absalong lar religionshistorikar Jan Ingar Thon fortelje oss alt vi ikkje veit om han.

Sogene om kven denne mørkemannen skulle vere har vore mange sidan han vart trukken fram i Johannes Openbaring for nesten 2000 år sidan. Denne mannen som skal forføre verda, og underleggje seg all politikk og handel, og merke oss alle med sitt teikn. Dette “dyrets teikn” er populært tolka som 666, og dette er det viktigste sporet ein har hatt for å studere seg fram til kven han kunne vere. Var det Keisar Nero, som brukte kristne som hagedekor? Var det Martin Luther, som forrådte moderkyrkja? Paven og Vatikanet som villeiiar dei truande inn i okkulte ritual? Er det Illuminati eller EU? Eller er Anti-Krist mannen bak alt dette slik andre hevder? Vi vil kaste oss over temaet, frå dei tidlege kyrkjefedre til Rosemary’s Baby og moderne konspirasjonsteoriar. Frå barneofring til helsekost!

Den einaste som kan ledsage oss på denne turen er religionshistorikar og forfattar Jan Ingar Thon. Han er ein av Noregs framste eksperter på Anti-Krist-myten og aktuell som bidragsytar til antologien “Dommedag”, som kjem ut i tide til vår lille samling, og vil vere til sals til ein vennleg pris. Han har tidlegare forfatta boka “Varulv!”, og vitja i den samanheng opningskvelden på Absalong og underhaldt publikum med sin forteljarevne. Vi kan med andre ord garantere høg underhaldingsfaktor i tillegg til god, og sunn folkeopplysing.

I tillegg vil våre DJar underhalde med god musikk og stemning, og i baren kan du få kjøpt leskande drikker. Det er med andre ord nok av grunner til å møte opp på Absalong for dette arrangementet. Det heile skjer tysdag 4. november, på Klar Bar på Zachariasbryggen, og vi opner dørene som vanleg klokka 1900. Det vil koste 50 norske kroner å kome inn, og du må vere av myndig aldar.

Vi ønskjer gamle og nye gjester hjarteleg velkomen til denne kveldens arrangement. RFID-chipping er høgst frivillig


.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.