I fantasiens skuggedal

sept ’07
29
17:30

I fantasiens skuggelandScience fiction og fantasy-litteratur selgjer som aldri før, og den eine storfilmen etter den andre basert på klassiske verk innanfor dei fantastiske og spekulative sjangrane dominerar kinolerretet i disse dagar. Det er allikevel ikkje mange som stiller spørsmål ved dei politiske prosjekta som desse mange klassikarane gjerne er eit uttrykk for, sidan dei fleste oppfattar det berre som harmlaus verklighetsflukt. Allikevel er fleire av dei mest kjendte og kjære verka innanfor science fiction og fantasy politiske plattformar for forfattarar på ytterste venstre og høgre fløy, og desse forfattarane har gjerne idear og forestillingar som vil overraske deira lesarar.

Absalong sin eigen Kristian A. Bjørkelo vil ta publikum med på ei reise inn i denne verda, og trekkje fram nokre av dei mest kjendte og ekstreme av disse forfattarane og deira verk. Med sleivspark til venstre, høgre og dei i midten vil han ta publikum frå dei tidlege fantasy-forfattarane, før Tolkien løfta pennen, til dei allar siste science fiction-storfilmane, og vise samanhenger og motsetningsforhold med hovudvekt på nokre av dei mest absurde og skumle resultata det har hatt. Stikkord er rasisme, fri kjærleik, kvinnehat, anarki og klassekamp. Og det er godt mogleg det er din favorittforfattar som viser seg å ha skjulte sider.

Forutan å vere ein av hovudpersonane bak Absalong, er Kristian A. Bjørkelo rollespelforfattar og frilansskribent, og skriv flittig om politikk, science fiction, skrekk og fantasy. Bjørkelo er utdanna folklorist, og har jobba i mange år med ulike former for populærkultur, og han har skreve hovudoppgåve om vårt forhald til nynazisme. Han har óg fleire år bak seg som aktiv i radikal politikk, og forkjempar for tankefridom.

Dette foredraget kjem i samarbeid med spelforeininga Regncon og spelfestivalen Regncon XV, som ein av dei viktigste samlingsarenaene for spelentusiastar og lesarar av fantasy og science fiction. Difor fallar dette arrangementet til ein laurdags ettermiddag, og det vil ikkje vere alkoholservering eller aldersgrense på arrangementet. Foredraget er gratis for alle som viser gyldig deltakarbevis for spelfestivalen, og koster berre kroner 30 for dei som berre ønskjer å få med seg foredraget. Festivalen finn stad på Rothaugen skule 28. – 30. september, og Absalong opner dørene til sitt foredragslokal klokka 1730.

For meir informasjon og opplysingar om korleis finne fram, gå til våre heimesider på absalong.no og til spelforeningas eigne sider regncon.no, der det er mogleg å melde seg på årets happening for spelentusiastar på vestlandet.

Vel møtt!


.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.