I fyr og flamme!

mai ’07
30
00:00

I fyr og flamme!Det var for femten år sidan i år at Fantoft Stavkyrkje brann ned til grunnen. Ein ung, langhåra mann står fram i avisa og hevder å vete kven som stod bak ugjerninga. Då han seinare nyttar bilete av øydeleggjinga for å promotere si nyaste plate vart fingeren snøgt retta mot hans sjølv. Mediahysteriet som fulgte var Ola og Kari Nordmann sitt første møte med Black Metal, ein av Noregs viktigste kultureksportar. Pressa malte eit sensasjonalistisk bilete av eit «satanistmiljø» der vald, drap, sjølvmord og kyrkjebranner stod likestilt med den dystre, aggressive musikken. Tradisjonelle rykter om menneskeofringar og nattlege ritual blanda seg med reelle drap og kyrkjebranner. Nokre av aktørane knytta og band til “brune” politiske ideologiar og miljø. Absalong tar saka og avslører alt.

Og sidan den gong har Black Metal solgt som aldri før. Femten år etter det store hysteriet speler Black Metal-musikarar med kringkastingsorkesteret og er rekna som like stuereine som Bjørn Eidsvåg og Lene Marlin. Den første bølgja med Black Metal musikarar som vi stifta kjendskap med gjennom feite avisoverskrifter har no vekst opp. Fleire har oppnådd stor kunstnerisk og kommersiell suksess, og er anarkjendte kulturfenomen. Andre derimot har vandra lengre inn i tåkeheimen. Etter femten år er det på tide å ta ein kikk bakover på røttene til Black Metal, på musikken spelt av unge menn i liksminke, med bensinkanner og tennstikker. Og Bergen er den naturlege staden å ta dette blikket bakover, ettersom mange har rekna Bergen for å vere svartmetallens ubestridte hovudstad.

Didrik Søderlind er medforfattar av Lords of Chaos: The Bloody Rise of the Satanic Metal Underground, som har fått mykje ros i presse og akademiske sirklar for handsaming av temaet og som er omsatt til to språk, og no vert spelefilm. Vi har overtydd Søderlind til å vitje oss på Absalong og fortelje oss meir om temaet. Han vil dele nokre små anekdotar med oss og vise nokre kjekke bilete av sunn norsk ungdom i fri utfalding. Til vanleg er Søderlind forskingsjournalist og kristendomsstudent, samt primus motor i Oslo sitt svar på Absalong, Kjettersk Kjeller. Då han tidlegare i år haldt foredrag om Black Metal på Kjettersk Kjeller slo dei ny rekord i antall innlegg og spørsmål, og vi er ikkje verre enn at vi ønskjer å overgå dette i Bergen. Så få på deg finstasen, naglar og eventuell liksminke og kom på Absalong. Vi ventar å verte godt informert og minst like bra underhaldt av foredraget. Det vert ein kveld dedikert til skrik, kajal og hjelpestikkar!

Nokre vil kanskje attkjenne forelesaren frå vår første Absalong tidlegare i år, då han stod for musikken etter foredraget. Denne gongen har Hjarandr, bassisten i det populære doom metal bandet Syrach, gått med på å plukke ut nokre kjekke platar for oss. Hjarandr har lova å by på heavy metal og djevelsk musikk av anna slag på eit lydnivå som lar samtalen gå fritt etter foredraget. I tillegg vil Absalongs faste gjeng snurre nokre skiver av meir sært slag.

For kvelden har vi flytta Absalong til den intime kjellaren på Biskopen, og vi anbefalar folk å kome så tidleg som mogleg for å tryggje seg ein av dei gode mjuke stolane som står der ettersom det kan bli trangt om plassen. Dørene til Absalong opner klokka 19:00.

Settlister

Her er musikken som blei spilt denne kvelden:

Sabeltann

  1. Anekdoten – From Within
  2. Knorkator – Absolution
  3. Ostara – Bavaria
  4. Gaë Bolg – Death of the Wes
  5. Electric Hellfire Club – The Root of All Evil (Give me the Head of Bob Larson mix)
  6. Pzyx – Cursed Realms of the Winter Demons
  7. The Strawbs – The Hangman and the Papist (Original)
  8. Ølguttene – Satanist
  9. Current 93 – Lucifer over London
  10. Rock & Roll Wolf – Mom is Home
  11. Brigitte Bardot – Contact
  12. KMFDM – Go to Hell (Fuck MTV Mix)
  13. Nine Inch Nails – Heresy
  14. Laibach – Sympathy for the Devil (Who Killed The Kennedys Mix)
  15. NON – Cleanliness and Order
  16. Sol Invictus – Above us the Sun
  17. Coil – Tainted Love
  18. Of the Wand and the Moon – Lucifer
  19. Christian Voices – 666

Hjarandr

  1. Sunn O))) – Cursed Realms of the Winter Demons
  2. Ljå – Skamslaadte Engle
  3. Ulver – En Stemme Lokker
  4. Earth – Ourobouros Broken
  5. My Dying Bride – My Wine in Silence
  6. Solutyde Aeternus – Haunting the Obscene
  7. Type O Negative – Profits of Doom
  8. Sunn O))) – It took the Night to Believe
  9. Syrach – The Firm Grip of Death
  10. My Dying Bride – The Cry of Mankind
  11. Coven – For Unlawful Carnal Knowledge
  12. Electric Wizard – Super Coven
  13. Clutch – The Devil and Me
  14. Ulver – Gnosis
  15. Morte Macabre – Lullaby
  16. Ulver – Kveldssang
  17. Ulver – Kledd i Nattens Farger
  18. My Dying Bride – A Doomed Lover
  19. Black Sabbath – Heaven and Hell
  20. Solitude Aeternus – Mourning
  21. Wowen Hand – Ain’t no Sunshine (When she’s gone)
  22. Symphonich Holocaust – Apeteopsi del Mistero
  23. A Challenge of Honour – The Final Confrontation

.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.