I varulvens klør!

feb ’07
13
00:00

I varulvens klør!Bokaktuelle religionshistorikar Jan Ingar Thon opner Absalong, Bergens nyaste utelivstilbod. Ein salong om det uvanlege, det bisarre, okkulte og alternative. Forutan å vere ekspert på både Aleister Crowley og Anti-Krist har Thon nyleg gjeve ut ei omfattande bok om varulver og andre hårete beist, og det er i denne samanheng han vitjar Bergen ein kjøleg februarkveld.

Over heile verda finn ein soger om menneske som kan skifte ham og ta ein dyreform, og mest kjende av desse er den brutale varulven. Varulven og andre menneskedyr er eit av dei eldste monstra vi kjenner til, med anar attende til dei tider då menneske ikkje var meir enn dyr sjølv. Dyremenneske er framstilt i Chauvet-grotten i Frankrike i hulemaleri som er minst 30 000 år gamle. Under hekseprosessane på 1500- og 1600-talet vart varulvar rekna som minst like farlege som heilt vanlege hekser, og i dei fleste tilfeller stod dei óg i ledtog med Satan. Deira skjebne var å verte stilt for retten, dømt og hengt eller halshugd. Dette utrydda derimot ikkje varulven, og han haldt fram å herje på den Europeiske landsbygda ei god stund vidare. Idag er varulven kanskje mest kjendt frå diverse skrekkfilmer, men han dukker allikevel stadig opp i friluft slik som nyleg i Delevan, Wisconsin og Wexford, Wales.

Men kven er varulven? Kva er han? Korleis vert ein varulv, og kva er kjenneteikna på ein varulv? Og ikkje minst; kan ein varulv drepast, og korleis? Jan Ingar Thon vil ta oss på ei reise gjennom shamanisme, satanisme, kjetterprosesser, seksuelle avvik, kannibalisme og kollektiv angst for å vise oss kven varulven eigentleg er. Eit av dei lengstlevande og mest fryktinngytande monstra i vår mytologiske fauna.

Og om ikkje foredraget slukker din (blod)tørst, vil det vere høve til å kjøpe boka til Jan Ingar Thon, Varulver! Blodtørstige menneskedyr og hårete filmhelter, frå våre venner i Humanist Forlag iløpet av kvelden.

For anledninga vitjar DJar frå Kjettersk Kjeller vår første Absalong, og dei vil sette stemninga med hårete godbitar – både kjendte og ukjendte.

Vel møtt for det første av mange møter i Absalong!

Settlister

Her er musikken som blei spilt denne kvelden:

Mallpunk

  1. Anton Szandor LaVey – Satan takes a holiday
  2. Manes – Confluence
  3. Death in June – He’s Disabled
  4. Chumbawamba – Homophobia
  5. Mad Sin – 1000 Eyes
  6. Sex Pistols – Anarchy in the UK
  7. Angelic Upstarts – Guns for the Afghan Rebels
  8. Sjølmord – Holocaust

Sabeltann

  1. Rain Man – Dry Bones
  2. Fire + Ice – Werewolves of Londontown
  3. Sieben – Amongst the Ruins
  4. Warren Zevon – Werewolves of London
  5. The Tiger Lillies – Swing’em High
  6. Barditus – Gehörnter Freund
  7. Hedningarna – Vargtimmen
  8. Dies Natalis – Media
  9. Iron Maiden – The Number of the Beast

Dikadoren og Deerstalker

  1. Ashengrace – Throb (Hands of Poseidon mix)
  2. 16 Horsepower – Nobody ‘cept You
  3. Black Widow – Come to the Sabbath
  4. Tiny Tim – Stairway to Heaven
  5. Sisters of Mercy – Torch
  6. Anthony and the Johnsons – Cripple and the Starfish
  7. Coven – Coven in Charing Cross
  8. Current 93 – All the Pretty Little Horses
  9. Bobby “Boris” Pickett – The Monster Mash
  10. Nature and Organisation – Wicker Man Song
  11. Les Chasseurs de la Nuit – Uten tittel (#5)
  12. Incredible String Band – Banks of Sweet Italy
  13. Spiritual Front – No Kisses on the Mouth
  14. Sonnentau – Dein Garten blüht noch
  15. Maddy Pryor – Betsy Bell
  16. Rome – The Blade Unmasked
  17. Fields of the Nephilim – Love Under Will
  18. Frank Sinatra – September Song
  19. Marlene Dietrich – Paff der Zauberdrachen
  20. Peter Sellers – She Loves You

.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.