Ilsa She-Wolf of the SS

mar ’08
25
19:00

IlsaNår ein ser på dei mange ulike kulturuttrykka gjennom menneskets lange historie er det lett å la seg forbløffe og undrast over om det finnast grenser for kor vakre ting vi er i stand til å skape. Likeeins kan ein gremme seg og undre om det i det heile tatt eksisterar eit botn. Eksisterar det verkeleg ikkje ein nedre grense for kor lågt mennesket kan synke i sine fascinasjonar og uttrykk? Om ein ser på filmar som Ilsa She-Wolf of the SS og andre filmar i nazisploitation-sjangaren er det fare for at ein vert overtydd om at slike grenser nok ikkje finnes. Når Bergen Filmklubb denne våren viser den første Ilsa-filmen, om den blodtørstige SS-kommandantens medisinske eksperimentar og sexliv er det opp til Absalongs eigne folklorist, Kristian A. Bjørkelo, å prøve å sette det heile i perspektiv. Noko det er teoretisk sett mogleg han klarar.

Ilsa She-Wolf of the SS er den første av i alt tre offisielle Ilsa-filmar, og fleire uoffisielle. Den er ein av dei mer kjende filmane i den obskure nazisploitation-sjangaren, ein underkategori av exploitationfilm som i seinare år har vore forsøkt vekt til live att av Quentin Tarantino og Robert Rodriguez. Exploitationfilm er kort sagt filmar som freistar å utnytte eit spesifikt, gjerne smalt, tema og ditto publikum, nazisploitation er filmar som utnyttar nazistanes ugjerningar under andre verdskrig med eit fokus på seksualisert vald (prostitusjon i konsentrasjonsleirar) og tortur. Sistnemnte helst i form av medisinske eksperiment, men òg gjerne som ein del av eit sado-seksuelt fesjå. Spe sjølvsagt på med uniformsfetisjisme, barmfagre blonde kjemper med stramme miner og pinlege moralistiske unnskuldinger for filmens eksistens som åtvaring mot framtidige folkemord og overgrep og du har sjangaren plassert. Og sjangaren er akkurat så smaklaus som ein skal tru, filmskaparane prøver å overgå kvarandre i bisarre eksperimentar og måter å nedverdige dei kvinnelege karakterane seksuelt.

Dette er filmar nesten blotta for verdi, allikevel vart det produsert fleire av dei. Nokre av ideane har òg gått over til meir mainstreamfilm som den kjende Nattportieren, og i disse dagar selger Platekompaniet stadig vekk nazisploitationfilmar som Ilsa og Salon Kitty på tilbod. Kvifor? Kva besatt folk til å lage eit hopetal slike filmar på 60- og 70-talet? Og kva besettar folk til å framleis sjå på dei? Kristian A. Bjørkelo har kanskje ikkje svar på dette, men han har lova i det minste å gjere eit forsøk på å fortelje litt om historikken og kva filmane er eit uttrykk for. Og det er første trinnet til å forstå dette uforståelege. På tross av å ha sett dei fleste filmane i sjangaren fleire gonger, er Kristian A. Bjørkelo bestemt på at dette er filmar som ein strengt tatt ikkje har behov for å sjå, om ein ikkje allereie er ustabil. Bjørkelo er folklorist, filmelskar og frilansskribent. Han har satt seg inn i populærkulturens lugubre irrgangar, og skreiv mellom anna hovudoppgåve om nynazisme. Han er òg ein av dei aktive kreftene bak vår kjære Absalong, og ofte ein veldig skjeggete mann med eit merkeleg lune. Han har tidlegare haldt foredrag på Absalong om rasekrig og klassekamp i science fiction og fantasy.

Merk at dette arrangementet er i Bergen Filmklubbs regi og går difor av stabelen på Landmark, og til ein annan tid, klokka 2100. Kom tidleg og trygg deg ein plass. Det koster 40 kroner å kome inn, medmindre ein kan vise gyldig medlemskap i Bergen Filmklubb, då er det gratis. For meir informasjon viser vi til Bergen Filmklubb sitt program, merk berre at programmet deira viser feil lengde på filmen og feilaktig oppgjev filmen som svart kvitt. Filmen vert presentert i sin blodraude prakt.

Vel møtt til ein besynderleg filmkveld.


.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.