Med blod på tann
| nov ’07 |
| 13 |
| 19:00 |
Den elegante og blodtørstige vampyren har forført uskuldege jomfruer og eit fanga publikum i mange år, og vår fascinasjon for vampyren verkar minst like udødleg som vampyren sjølv. Men sjølv om vampyren er udødleg er han ikkje uforanderleg. Så kven er den verkelege vampyren? Er det Grev Dracula, den forføreriske aristokraten? Er det den blodtørstige tyrannen, Vlad Tepes? Eit vandrande lik? Eller ein metroseksuell gentleman med ei forskrudd døgnrytme? Absalong lar Arnfinn Pettersen vise nokre av dei ulike sidene ved vampyren den 13. november, då han vil freiste å fortelje vampyrens historie baklengs.
Folkloristen Arnfinn Pettersen er forfattaren av boka “Vampyr! Blodsugende lik i tradisjon og litteratur”, og er Noregs framste vampyrolog – dvs. akademisk ekspert på vampyrer, deira natur, verke og historie. Han er difor godt egna til å kunne fortelje om vampyren slik vi finn han i populærlitteraturen, skrekkfilmen og i gamle segn, og trekkje dei historiske linjene mellom desse attende til dei originale vampyrane i aust-europeisk folketru. I løpet av foredraget kan du forvente å høyre om kjendte og ukjendte vampyrfilmar, vampyrlitterasjonens irrganger og, ikkje minst, historier om meir eller mindre vellukka vampyrjakter gjennom tidene.
Det komande arrangementet er anbefalt for alle som har eit snev av interesse for denne mest gotiske og sagnomsuste av alle skrekkfigurar, enten det no er filmfigurer, litterære skikkelser eller gamle segn som fascinerar mest. Pettersen er den i Noreg som er best utrusta til å jakte ned og bekjempe eventuelle vampyrar, så vi forventar at kvelden vil gå trygt for seg utan dei store problema med løpske og obstanasige vandøde. I alle fall om han hugser å ta med sitt etterkvart velkjendte “verktøysskrin”.
I tillegg til foredraget vil sjølvsagt våre venner og faste platesnurrar underhalde med bloddryppande vampyrkøntri og andre vandøde toner. Det heile skjer tysdag 13. november på Klar Bar i andre etasje på Zachen. Der vil dørene opne klokka 19.00, og festlighetane vil vare til vi går og legg oss. Det koster kroner 50,- å kome inn, og du bør vere av myndig aldar, men puls er ikkje påkrevd. Arnfinn Pettersen si bok vil óg vere til sals for ein særdeles vennleg pris, i lag med ein del andre anbefalte bøker om liknande tema.
Vel møtt!
Settlister
Sabeltann
- Ordo Rosarius Equilibrio – To Tirzah
- The Legendary Pinkdots – Pennies For Heaven
- Wreckage – The Blood is the Life
- Ghoultown – Ten Seconds to Blood
- Penis Flytrap – Dracula’s Daughter
- Deadbolt – Billy’s Dead
- Spell – This Little Bird
- The Coffinshakers – Vampire Outlaw
- Vera Lynn – There’ll Always be an England
- Fire + Ice – The Seeker
- The Hammerdowns – The Vampire Roadtrip
- Nekromantix – Dead Girl’s Don’t Cry
Lux Obscura
- Lydia Lunch – Need to Feed
- Munch – Addicted
- Fuchisa – Gone with the Mouse
- The Deviants – Billy the Monster
PanzerDJ Potemkin aka Hjarandr
- Entombed – Night of the Vampire
- Blue Öyster Cult – Don’t fear the reaper
- Solitude Aeternus – Heaven & Hell
- Fantomas – Rosemary’s Baby
- Pantera – Planet Caravan
- G.O.L. – No Bounds
- Fear Factory – 21st Century Jesus (Pisschrist)
- Sunn (O)))- Candlegoat
- Ulver – Eos
- My Dying Bride – One Of Beatuty’s Daughters
- Theatre of Tragedy – When he falleth
- The Coffinshakers – Return of the Vampire
- Type O Negative – She Burned Me Down
- My Dying Bride – The Light at the End of The World
- Ulver – Shadows of The Sun
- Sunn (O))) & Boris – Bloodswamp
- Moonspell – Tired
- G.O.L. – Angelica In Delirium
- Funeral – This Barren Skin
- Ulver – Lost In Moments
- Pantera – Cemetary Gate
- Blue Öyster Cult – Astronomy (‘88 Recording)
- Starofash, Ihsahn & Grimen – Daudingen
- Starofash, Ihsahn & Grimen – Fanitullen
- My Dying Bride – For thy Raven Wings
- Theatre of Tragedy – A Distance There Is
- G.O.L. – Soma Holiday