Vår farlegaste oppfinning?

mai ’09
12
19:00

raseforskningenJul og påske er gått sidan førre Absalong, og for å vege opp for vår lange ferie føler vi oss tvungen til å slå litt hardare på stortromma når vi først sett i gang. Vi kastar oss ned i djupet av det mest grumsete vi har av moderne idèhistorie: Rasismen! Nærare bestemt utforskar vi på komande foredrag på Absalong rasetenkjinga og raseforskinga si merkelege historie og konsekvensane av den. Ved hjelp av dr. art. Torgeir Skorgen frå Universitetet i Bergen skal vi følgje Vestens tankar om sin eigen og andres raser frå konseptet fødes på 1700-talet og fram til rasehygienen på 1900-talet, der Noreg skulle vise seg å bli eit føregangsland. Torgeir Skorgen er forskar, omsetjar og fagbokforfattar. Han har mellom anna gjeve ut “Rasens oppfinnelse: Rasetenkningens historie i Europa”, og skreve ei rekkje artiklar og essays om emnet. No jobbar han med eit postdoktorprosjekt om Wergeland, jødeparagrafen og toleransens historie.

Rasismen som oppstod på 1700-talet var eit forsøk på å dele verdas folkeslag inn i bestemte kategoriar, baserte på fysiske eigenskaper. Til desse vart det lagt til ein del moralske og kulturelle trekk, og folkeslaga vart i same stund rangert kvalitativt i forhold til kvarandre. I åra som følgde kom ulike raseforskarar til å vektleggje ulike forskjeller, og dele menneskeheten opp i enno fleire kategoriar. Fleire av desse kategoriane lev vidare den dag i dag i folks forestillingsverd. Torgeir Skorgen vil i sitt foredrag ta for seg nokre av dei morfologiske systema som rasetenkjarane tok i bruk, av både jordnær og meir absurd art, og moglegeins peike vidare til kva konsekvensar denne tenkjinga har fått i form av rasehygiene, og seinare etniske utrydningar.

I tillegg vil våre kjende og kjære DJar spele gullkorn og smaklause godbitar frå sine arkiv, og vi kan garantere alle oppmøtte ein lærerik og underhaldande kveld. Dørene opner klokka 19.00. Det koster 50,- kroner å kome inn, og du må vere av myndig aldar. Kveldens tema til tross, så vil vi ikkje foreta vurdering av hårfarge, augefarge eller pannehøgde på gjestene, alle er velkomne.


.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.