Wisconsin Death Trip

feb ’08
5
19:00

Wisconsin Death TripEit nytt år for Bergens gotiske salong og vi byrjer våren i det morbide hjørnet med dokumentarfilmen Wisconsin Death Trip av James Marsh. Wisconsin Death Trip er ein melankolsk filmatisering av eit ofte oversett Amerika, det rurale midtvesten på slutten av 1800-talet, og dette er både forstyrrande og morosamt. Filmen skildrar ei rekkje skjebner og hendinger i ein tiårsperiode i Black River Falls, befolka i stor grad av nyankomne skandinavar og tyskarar, og det er ikkje måte på kor mykje rart som kan skje i eit lite bygdesamfunn truga av økonomisk depresjon, epidemiar og harde vintrar.Vi møter her kjærleiksdrama blant dei unge og eldre, drap og sjølvmord, sinnsjuke nordmenn og falne operastjerner frå Europa. Og ikkje minst, ei kokainavhengig lærarinne som reiser gjennom heile Wisconsin og knuser ruter, utan å forstå heilt kvifor ho gjer det.

Wisconsin Death Trip er basert på boka med same namn av Michael Lesy som først utkom i 1973. Boka baserar seg på fotografi av den lokale fotografen Charles van Schaick akkompagnert av utdrag frå lokalavisa og arkiva til det lokale dårehuset. Filmen dramatiserar dette skildremateriale, og det er den britiske skodespelaren Ian Holm som gjev stemme til redaktøren av Badger State Banner. og som gjev hendingane ei kaldt og distansert ramme. Mange har samanlikna filmen med tekstane til den amerikanske forfattaren Edgar Allan Poe eller maleriet American Gothic av Grant Wood. Wisconsin Death Trip er ein godbit for alle som er interessert i film, fotografi eller historie – eller som simpelthen liker dei gotiske sidene ved menneskets eksistens.

Filmen vil verte presentert etter ein kort presentasjon av bakgrunnen, i tillegg vil Absalong sine faste DJar snurre skiver frå både her og der. Sidan det er 1 års jubileum for vår lille salong vil vi gjerne feire dette på godt vis. Vi har difor ei lita overrasking på lur til våre gjester denne gongen som vi tenkjer vil markere fjorårets foredrag på skikkeleg vis. Visinga av Wisconsin Death Trip skjer i samarbeid med våre venner i Bergen Filmklubb, og er den første av våre felles arrangement, vi rekner difor med at det kjem godt med folk, og det er lurt å kome så tidleg som mogleg for å tryggje plassar. Det heile foregår på Klar Bar som vanleg, i andre etasje på Zachen, og vi opner dørene klokka 1900 og vil gje folk god tid til å slå seg ned før vi sparkar igang med introduksjon og overraskinger.

Moroa koster kroner 50, eller kroner 25 dersom du kan vise gyldig medlemsskap i Bergen Filmklubb. Det er opent for gamle og nye gjester av alle slag, så lenge dei er av myndig aldar. Vi ser fram til å sjå deg der!

Vel møtt!

Sabeltann, assistert av White Vixen

  1. The Legendary Pink Dots – I’m the Way, the Truth, the Light
  2. Zywiolak – Psychoteka
  3. Cupol – Like this for Ages
  4. Death in June – Death of the West
  5. Mushroom’s Patience – Willow’s Song
  6. Sonnentau – Dein Garten Blüht Noch
  7. Persephone – The Man Who Swallowed My Soul
  8. Sieben – Easy Prey
  9. Coph Nia – Fire
  10. Die Weisse Rose – Like Steel Flowers Falling (Instrumental)
  11. The Handsome Family – If the World Should End in Fire
  12. Eck Robertson & Family – Brilliancy Medley
  13. Reverend D.C. Rice & His Sanctified – I’m in the Battlefield for My Lord
  14. Hoyt “Floyd” Ming & His Pep-Sisters – Indian War Whoop

Sabeltann

  1. The Carter Family – Single Girl, Married Girl
  2. 16 Horsepower – Single Girl
  3. In Gowan Ring – Reckoner’s Theme #1
  4. Tertium Non Data – A Spell for Breaking Into the Sky (Lake of Fire Remix)
  5. Vitamin String Quartet – Another Brick in the Wall
  6. Hellsongs – Breaking the Law

White Vixen

  1. Strawbs – The Hangman and the Papist (original version)
  2. Nico – The End
  3. Sieben – Lucifer on the Moor
  4. Richard Cheese – The Girl is Mine
  5. Norman Blake – You Are My Sunshine
  6. H.E.R.R. – A New Rome
  7. Darkwood – Deutsche Sonnwend
  8. Strawbs Witchwood
  9. Sonne Hagal – Song at the Well
  10. The 3rd and the Mortal – Shaman
  11. Sieben – Earth’s Song
  12. Deadbolt – One Day I Will Kill You
  13. Adjágas – Mun Ja Mun
  14. Stormweather Shanty Choir – Sally Brown
  15. Sacred Spirit – Gitchi-Manidoo (Advice for the Young)
  16. Stormweather Shanty Choir – The Gals of Chile
  17. Nico – Valley of the Kings
  18. Adjágas – Suvvi Ljat
  19. H.E.R.R. – Arise

Sabeltann

  1. Midnite Choir – Amelia
  2. Sol Invictus – We Are the Dead Men
  3. Der Blutharsch – In the Hands of the Master
  4. Stormweather Shanty Choir – Paddy Doyle’s Boots
  5. In the Nursery – Breach Birth
  6. Leonard Nimoy – The Ballad of Bilbo Baggins
  7. Lycia – Nine Hours Later
  8. Ketil Pedersen – Ole Blir Nok Kommunist
  9. Opera Multi Steel – Tristesse
  10. Die Weisse Rose – At the Doorsteps of Our Temple
  11. Aghast – Call From the Grave
  12. Lee Hazlewood – These Boots Are Made For Walking (w/ commentary)
  13. Lisa Germano – Destroy the Flowers
  14. Hedningarna – Pornopolka
  15. Ministry – NWO

.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.