Festivalmannen: ein kveld med Geoff Berner

apr ’14
22
19:00

Absalong er attende, og vi startar opp med eit litt annleis besøk av vår ven Geoff Berner.

Han er mest kjend som vandrande trubadur og trekkspelmusikar, og har turnert både verda og Noreg som soloartist, i lag med sine samarbeidspartnarar og med Kaizers Orchestra. Musikken kan skildrast som ei blanding av jødisk folkemusikk (Klezmer) og pønk, og låtene er ei blanding av tradisjonelle og eigenkomponerte viser. Han er derimot mindre kjend som forfattar, dette trass av han er utdanna som forfattar og har skrive manus til Sesame Street. I 2006 gav han ut pamfletten “How to be an Accordion Player”, og i 2013 kom hans debutroman Festival Man.

Det meiner vi er god nok grunn til å feire. Berner held konsert i Bergen den 20. april, og vil den 22. april vitje Absalong, ikkje for å spele musikk, men for å lese og fortelje frå det som er ein ganske så spesiell roman. Festival Man fortel soga om Campbell Ouiniette, ein kjeltring av ein manager, som surfer gjennom punk- og folkemusikkmiljløet i Kanada på jakt etter spesielle og merkingsverdig lyd. Dette gjer han med store baller og fullstendig manglande skamvett. Boka er full av løgn, sprit og eventyr, og forteljinga sporer av konstant. Noko som ikkje er så ukjend frå sceneshowet til Geoff Berner. Boka held på Berner sin humoristiske stil, og er full av gode, og morosame observasjonar om stereotypier i musikkbransjen. Dette er ei bok du sitt og knegger og flirer av, og vi er ganske så sikre på at Berner sin presentasjon av boka vert likeså.

Så kvifor ikkje komme og tilbringe ein kveld med oss og ein vidunderleg entertainer. Og det i nye, flotte lokaler i kjelleren av BarBarista i Øvregaten. Du har strengt tatt ikkje noko betre å ta deg til, og dette vert moro. Det vert musikk, det vert drikke, og det vert nok mogleg å få bok signert.

Alt for skarve 50 kroner. Aldersgrense 18 år.

Vel møtt til Absalong!

Settlister

Festival Man: Lydspor

  • Whiskey Rabbi – Kaizers Orchestra
  • Liar’s Bridge – ESL
  • That’s What Keeps the Rent Down – Corb Lund and the Hurtin’ Albertans
  • Prairie Wind – Carolyn Mark and her New Best Friends
  • Victory Party Variations – Orchid Ensemble
  • This Authentic Klezmer Wedding Band Is For Hire – RotFront
  • Phoney Drawl – Dave Lang
  • The Rich Will Move to the High Ground – Kris Demeanor and Cutest Kitten Ever!
  • Unlistenable Song – Rae Spoon
  • Light Enough to Travel – Real Ones
  • Volcano God – Wax Mannequin
  • Wealthy Poet – Maria in the Shower
  • Public Relations – The Burnettes
  • Iron Grey – Mr Johnson’s Grade 5/6 Kittens from Ecole Macphail Memorial in Flesherton, Ontario directed by Charlie Glasspool
  • Cherry Blossoms – Kim Barlow
  • Händel – Sarabande

Mallpunk

  • Nogu Svelo – The Little Chinese Bells
  • Tramteatret og Pelle Parafins Bøljeband – Det enkleste er pistol
  • Elektrisk Regn – Atombyen
  • Ebba Grön – Häng Gud
  • Kaizers Orchestra – Bøn fra helvete
  • Dropkick Murphys – The Rocky Road to Dublin
  • Greenland Whalefishers – Johnny Lee Roth
  • Blue Öyster Cult – The Subhuman
  • The Producers – Springtime for Hitler
  • Laibach – God is God
  • Dia Psalma – Grytfot
  • Bauhaus – Stigmata Martyr
  • Einstürzende Neubauten – Halber Mensch
  • Mad Sin – 1000 Eyes
  • Misfits – She
  • Das Ich – Gott Ist Tot
  • The Aller Værste! – Materialtretthet

Sabeltann

  • Orcestra Noir – The Theme from Affordable Holmes
  • Peter Hollens – Misty Mountains
  • Sieben – Preacher Online
  • Death in June – Flieger
  • The Moon Lay Hidden Beneath a Cloud – III
  • Golgatha & Dawn And Dusk Entwined – A Seeker Divine
  • Caroline Jago with Monica Richards – Agnus Dei
  • Les Joyeaux de la Princesse – Musique de Machines
  • The Triple Tree – Black Crusade
  • Laibach – Eurovision

.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.