Sex mot og med Gud
| okt ’09 |
| 20 |
| 19:00 |
Korleis sex gjev deg evig frelse eller evig pinsle.
Eit foredrag om sex og religion ved Dag Øistein Endsjø
I eit hemningslaust forsøk på å vere tabloide gjev Absalong publikum det publikum vil ha: SEX! Vi menneske er grusomt opptatt av sex – det å ha sex, og det å ikkje ha sex. Og kva sex vi skal ha, og kva sex vi ikkje skal ha. Dette er særleg viktig i eit religiøst perspektiv, då våre ulike guddommar har særs ulike syn på dette. Det kan difor vere vanskeleg å halde rede på kva tid du gjer noko feil, eller kva tid du ikkje har gjort det rett, og nær umogleg å vere viss på kva du har lov til å ta på når du er åleine. Absalong har difor bestemt seg for å hjelpe deg med dette, 20. oktober.
Til Absalong kjem då religionsforskar Dag Øistein Endsjø for å utdjupe nokre av dei meir interessante religiøse førestillingane om sex, og konsekvensane av dei. Nyleg gav han ut boka “Sex og religion. Fra Jomfruball til Hellig homosex.”, som tek for seg religionens haldningar til heterosex og homosex, til sexrasisme og demonsex, til pliktsex og avhald, til oralsex, analsex, skilsmisse og fleirgifte. Ein ekte sexbuffet med andre ord, og dei mest aktuelle og saftige bitene vil han altså servere på Absalong.
Kom og høyr om oneida-samfunnet i New York, der alle var gift med alle, og der par som ønskte å ha sex eksklusivt med kvarandre vart straffa. Lær om korleis cornflakes var eit våpen i kampen mot onani, og korleis rabbinsk lære godtar at gifte kvinner “gnikkar” på kvarandre. Kort fortald; kom og utvid ditt repertoar av småprat! I tillegg vil våre DJar by på syndige låter frå sine samlingar, her vert det både heitt og kaldt utover kvelden.
Det er difor inga orsak for at du ikkje skal slenge på deg dine mest sexye sko og hoser, og svinge innom Absalong tysdag 20. oktober. Vi held til på Klar Bar, i andre etasje på Zachariasbryggen. Vi opnar dørene klokka 19.00, og det koster NOK 50,- å ta del i herligheita. Du må sjølvsagt vere av myndig aldar.
Settlister
Sabeltann
Diamanda Galas – This is the Law of the Plague
Tony Wakeford – Not all of Me will Die Track #5
Bain Wolfkind – Burlesque
Ordo Rosarius Equilibrio – To Thee My Beloved Masturbator
Seelenlicht – Return to Summerisle
Nine Inch Nails – Closer
Army of Lovers – Heterosexuality
Pet Shop Boys – It’s a Sin
Army of Lovers – Crucified
Apoptygma Berzerk – Burning Heretics (Crisp Version)
Kito – Dildo Drumbop
Händel – Sarabande
White Wixen
Marilyn Manson – Fuck Frankie
Depeche Mod – A Question of Lust
Jack of Jill – Cumdumpster
My Dying Bride – For You
Death in June – Last Europa Kiss
In Gowan Ring – Fifteen Men on Dead Man’s Chest
Oingo Boingo – I Love Little Girls
Marilyn Manson – White Trash
Mechanical Moth – Alone in the Dark
Sol Invictus – Abbatoirs of Love
Ym Stammen – Hevnerkvadet
Ordo Rosarius Equilibrio – Confessions of a Sin Flower
The Midnite Choir – Amelia (Sabeltann)
Laibach – Predictions of Fire (Sabeltann)
Spritual Front – Bastard Angel
Death in June – Truly Be
Ordo Rosarius Equilibrio – Forgive me, I’m not Satan, I am Mary Just Like You
Bel Canto – Flowerbeds
Klaus Nomi – Falling in Love Again
Oingo Boingo – What You See
Nine Inch Nails – Closer
My Dying Bride – For My Fallen Angel