Chemtrails, vaksiner og makta bak makta

sept ’14
25
19:00

Eit føredrag om konspirasjonsteoriar i Noreg!John Færseth

Kjellaren på BarBarista, Øvregaten 12, klokka 19.00
cc 50,-

Kom og høyr konspirasjonsteoriar og visesong på BarBarista når Absalong gjer eit forsøk på folkeopplysing med hjelp av vår ven John Færseth. I tillegg kjem Bergens einaste Arne Fivelstad for å synge passande viser!

Ein kronikk av Didrik Søderlind hevder at 2014 er året der konspirasjonsteoriar vart mainstream. Takka vere stortingsrepresentant Leirstein frå FrP som samla nokre av landets mest paranoide til å vurdere rettstryggleiken i Noreg, og NRKs Gro Holm som nytta antisemittiske konspirasjonsteoriar om jødisk eigarskap av media for å byggje opp om sine argument. Dette er berre toppen av isfjellet.

Dei siste ti åra har konspirasjonsteoriar blitt ei verkeleg greie i Noreg, frå å vere underhaldande kuriosa har det blitt ein del av mainstreamkultur. Her får vi ein dæsj vaksinemotstand, UFOar, islamhat og chemtrails! Fantasien kjenner ingen grenser når den skal forklare det vi ikkje alltid forstår.

Forfattar John Færseth har følgd desse teoriane frå si spede byrjing blant militante høgreekstremistar i USA til kulturtanter og “systemkritikarar” i lille Noreg. Idear som ofte er uskuldige og eksentriske på overflata kan gjerne ha røtter i ein grumsete dam av jødehat og revolusjonære kristne.

Og som om det ikkje var vil Arne Fivelstad komme og synge utvalte underhaldande viser. Fivelstad er kanskje best kjend som ein av Bergens mest ettertrakta spelleiarar i rollespelmiljøet, men hans andre store talent er ei songstemme som sett dei fleste i skammekroken. Vi er veldig glade for at han vil komme og bruke talentet sitt for oss. Er vi heldige tar han i mot låtførespurnadar.

Og så speler Absalongstaben nokre perler frå arkiva våre. Og alt dette for skarve 50,- spenn?

Det ville vore ein skam om du ikkje kom. Berre Men-In-Black (ooooh… retro) burde kunne halde deg attende. Eller reptiljødar frå ein annan dimensjon.

Vel møtt, folkens!


.

Arrangementer

  • Ingen hendelser.