Om
Absalong er eit uformelt forum for debatt og opplysing rundt det ein ellers berre høyrer litt om. Det alternative, avvikande, abnormale, absurde og mykje anna som byrjar på A og andre bokstaver. Vi vektlegger den gode stemning og ein underhaldande, men akademisk, tilnærming til historiske og samtidige tema som gjerne vert oversett i tradisjonelle akademiske samansetningar. Vi retter søkelys mot det bisarre og okkulte og ønskjer å underhalde såvel som å opplyse. Absalong er for dei som ønskjer å utforske vår fargerike verd i all sin prakt.
I tillegg til forelesingar byr vi på godt selskap og samtalevennleg musikk. Her vert det spelt musikk som gjerne passer til kveldens tema innanfor eit vidt spekter av sjangrar – både mørkt og lystig. Absalong vil by på eit unikt høve til å utforske alternative musikarar – DJanes ukjendte favorittar som aldri ville bli spelt på ein klubb.
Alle er velkomne på Absalong, kom og bidra til vårt felleskap og vår gode stemning!